Fyrlykt

På eit styremøte i Vatne Småbåtlag for eit par år sidan kom det opp forslag om å etablere eit lys/markør på enden av moloen, for lettere å kunne sjå enden på moloen når man kjem inn med båt i mørket. Kystverket blei kontakta om dei kunne ha noko som egna seg, og tanken om ei utrangert fyrlykt begynte å ta form.

Etter innvilga søknad fikk vi tildelt den over 100 år gamle Leitet fyrlykt fra Fyrde i Austefjorden, innom Volda. Lykta blei henta i Nørvevika på kystverkets anlegg der den blei landa i sommerferien.

Etter eit opphold på Øggaren for maling og tilpassing av lykter var den no endelig klar for utplassering. Dette er eit lavbudsjettprosjekt for Vatne Småbåtlag, som foreløpig ikkje har brukt ei krone av lagets midler.

Vi takker Kystverket for 'lån' av fyrlykt. Vard har tilgodesett oss med skipsmaling som Elias Bjørnøy og @Michal Drabløs Parra har rulla på. Midtnorsk Brannsikring har lånt ut tilhenger og sponsa lys og elektrisk materiell. Stig Helge Ødegård har stilt riggplass og gravemaskin til rådighet, og vært prosjektets altmuligmann. Emil Dale Bjørlykhaug og Tommy Bjørlykhaug er positive grunneigarar som også har lånt oss tilkobling av strøm. Geir Egil Dahl har sponsa grus til fundamentet. Per Stian Bakkelid fra Aco Transport sørga for transport og kraning. Det grå taket forteller at lykta ikkje er i ordinær drift som navigasjonsmerke, og indirekte belysning er tillatt fra Kystverket side. Eit nytt landemerke på havna innerst i Vatnefjorden, måtte den få stå til glede for folket og uten å bli utsett for hærverk.